Det moderne gjennombrotet i nordisk litteratur 3357
33573357
10,00
Bachelor
Eitt semester
Ingen
Studentane skal få innsyn i nokre av dei teoriane omkring litteratur og samfunn som ligg til grunn for den realistiske og naturalistiske litteraturen, og dei skal studere korleis desse teoriane kjem til uttrykk i eit utval litterære verk og tekstar. I desse tekstene blir det sett fokus på typiske realistiske og naturalistiske emne som skole, kyrkje, familie, ekteskap og forretningsliv.
Forelesingar og seminar inntil 3 t/v
Kurset gir ei innføring i sentrale idear og uttrykksformer i 1870- og 1880-talslitteraturen. Det er til desse tiåra, som er prega av realisme og naturalisme, at det moderne gjennombrotet i Norden er tidfest. Dette er også ein første "gullalder", med Ibsen og Munch som dei fremste av ei lang rekke forfattarar og andre kunstnarar . Kunstnarane i denne perioden ønskte å bryte med fortida og avsløre løgn og dobbeltmoral. Kunsten skulle vere kritisk, poenget var å framstille samfunnet "slik det verkeleg var". Realismen og naturalismen sitt dikteriske program gikk tilsynelatande først og fremst på samfunnet, men det handlar også om ein psykologisk, indre realisme, bl.a. i framstillinga av litterære karakterar. Pensumstoffet består av eit utval sentrale litterære verk og tekster frå perioden, og av nokre litteraturteoretiske og litteraturhistoriske tekstar.
Studentane skal arbeide ut ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skalavtalas med rettleiar.
Undervegsvurderinga i emnet vil femne om skriftlege prøver og/eller innleveringar som til saman tel 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar.
Copyright © Høgskolen i Telemark