Prosjekt 3495
3495
15,00
Som for studiet. Dei tre første hovudemna bør vere gjennomført og bestått.
Studentane skal kunne gjennomføre eit utstillingsprosjekt, frå konseptutvikling til ferdig utstilling, med alle kurator- og formidlingsoppgåver. Dei skal kunne presentere prosjektet for andre og kunne samarbeide om prosjektet.
Prosjektet skal trene studentane i prosjektarbeid der fleire deltakarar og fleire kunstinstitusjonar blir involvert. Prosjektstyring og presentasjonsteknikkar.
Studentane skal samarbeid i grupper om eit utstillingsprosjekt, som helst skal realiserast i eit samarbeid med praksisinstitusjonane deira. Ein kan og opne for insdividuelle prosjekt. Det blir halde ei avsluttande samling, og faglærar vil vitje praksisinstitusjonane på tidspunkt som passar med gjennomføringa av prosjektet. Dei kan og fungere som rettleiarar i planlegginga av prosjektet. Førebuing til prosjekt startar alt under første hovudemne, og blir følgd opp gjennom dei andre emna.
Prosjektomtale i ulike stadier skal godkjennast i løpet av dei tidlegare hovudemna. Endeleg prosjekt skal godkjennast når det er gjennomført i samsvar med godkjent prosjektomtale.
Copyright © Høgskolen i Telemark