Feltarbeid med rapport P3307
P3307P3307
30,00
Bachelor
Eit semester
Studenten skal tileigne seg grunnleggjande metodisk og praktisk kompetanse i til dømes organisering, prosessleiing og evaluering innanfor kulturfeltet. Studenten skal kunne førebu og gjennomføre eit feltarbeid i ein organisasjon/institusjon innan offentleg eller privat sektor. Studenten skal på bakgrunn av praktisk erfaring og datagrunnlag kunne analysere prosessar han/ho har delteke i, styrt eller vore vitne til og framstille dette i ein skriftleg rapport.
Forelesingar, skrivegrupper, individuelt (og eventuelt gruppebasert) arbeid med prosjektomtale, feltarbeid/praksis i 6 veker og analytisk rapport. Studenten må rekne med utgifter i samband med feltarbeidet.
Kurset er sett saman av følgjande komponentar:
Innføring i metode
Frå ide til praksis; prosjektomtale
Førebuing og tilrettelegging for praksis/feltarbeid
Feltarbeid/praksis
Frå data til tekst; rapportskriving
Tilhøvet mellom teori og praksis
Det er ikkje høve til praksis/feltarbeid der studenten sjølv har ei kunstnarleg rolle.
Prosjektinformasjon (1-2 sider) og analytisk rapport (om lag 20 sider). Gradert karakter på grunnlag av den skriftlege rapporten. Karakteren blir gjort kjent ved oppslag. Munnleg framlegging (open) som kan justere karakteren. Alle eksamensdelar skal vere bestått for å få bestått karakter i emnet.
Copyright © Høgskolen i Telemark