Statistikk i helseforskning 4322
43224322
10,00
Master
Stått eksamen i 5550 Statistikk I og 5551 Statistikk II eller tilsvarande.
Etter å ha fullført emnet skal studentane ha kunnskapar om kritisk lesing av faglitteratur. Dei vil også få auka forståing for statistikk i høve til val av statistiske metodar og presentasjon av data. I tillegg skal dei kunne leggje fram data og faglege spørsmål munnleg til diskusjon i vitskapelege fora.
Obligatorisk: 5 seminar på ca. 4 timar fordelt over semesteret
Studentane få utlevert relevante artiklar med ulike problemstillingar innen temaområdet miljø og genetisk samspel, og det vil og vere aktuelt å diskutere eigne data når desse ligg føre. Basert på dette vil det bli gitt ei innføring i problemløysing og problemtilnærming, som tek sikte på å at studentane skal kunne nytte dette i eigne mastergradsoppgåver. Dette krev aktiv deltaking både når det gjeld eiga framføring og deltaking i diskusjon i plenum.
Det blir gitt stått/ikkje stått på deltaking og presentasjon av fagleg stoff frå seminarundervisninga.
Copyright © Høgskolen i Telemark