Revisjon 5106
5106
20,00
Studenten bør ha forkunnskapar innan:
· regnskapsorganisasjon og system,
· årsrekneskap og
· skatterett
Gi ein innføring i rammevilkår for revisor, revisjonsfagsteori og revisjonsfagsmetode samt etiske refleksjonar. Dette skal gi kunnskapar innan dei sentrale arbeidsoppgåver ein registrert revisor har. Det omfattar mellom anna kunnskap om kvifor vi har revisjon og revisjonens stilling i samfunnet og dei metodar revisor kan nytte i sitt arbeid.
Emnet omfattar rammevilkår for revisjon (rettiar og plikter for revisor, kva som inngår i revisors arbeid, revisors plass i samfunnet osv), revisjon og etikk (korleis revisor bør opptre i forskjellige situasjonar), revisjonsteori og metode (korleis revidera verksemder, omfang av revisjonen, rapportering av utført revisjon osv). I samband med dette blir det gjennomgang av sentrale lover, forskrifter og standarar som gjeld for revisor og revisjon.
3-4 timar forelesing i haust- og vårsemesteret. Undervisninga vil vere gjennomgang av teoritema med eksempel. Oppgåveløysing blir gjennomført i nokre forelesingar.
1-3 obligatoriske innleveringsoppgåver. Alle innleveringsoppgåver må vere bestått før ein kan ta eksamen. Skriftleg eksamen, 6 timar.
For å bli registrert revisor er karakterkravet i dette emnet C eller betre.
Copyright © Høgskolen i Telemark