Geografisk analyse 5702
5702
10,00
5700 Digitale geodata.
Emnet skal gi innsikt i ulike analysemetodar i GIS, og studentane skal kunne nytte desse i ulike samanhengar. Emnet skal ta opp teori knytt til praktiske problemstillingar, og gi øving i bruk av programvare for dei aktuelle tema.
Emnet tek for seg analyser innan objektorientert GIS (vektor) og felt (raster), og kombinasjonar av desse der det er høveleg. Emnet omfattar overlag-operasjonar, skalaer/datatyper, nettverksanalyser, dynamisk segmentering, interpolering, terrengmodellering, terrenganalyser, hydrologisk modellering av nedbørfelt, romlege statistiske metodar med romleg autokorrelasjon, punktmønsteranalyse og polygon-naboskap-analyser, beslutningsanalyse med boolske analyser og fuzzy modellering, kartografi. Det er øvingar stom tek for seg praktiske situasjonar til kvar forelesing om desse emna.
6 - 8 timar forelsingar/øvingar i veka i vårsemesteret.
2 heimeoppgåver i gruppe på 4-5 studentar i kvar gruppe og ein individuell, skriftleg 4 timars sluttprøve. Gruppeoppgåvene tel til saman 30% av samla karakter og sluttprøva tel 70%. Alle delprøver må vere bestått.
Copyright © Høgskolen i Telemark