Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
« Tilbake

Menneske og natursyn 4010

Fakta om dette emnet
Emnekode:
4010
Antall studiepoeng:
10,00
Nivå / grad:
Lavere grad
Pensum:

Forkunnskaper

Ingen

Læringsmål

Studentane skal få ei historisk innføring i mennesket si oppleving og forståing av naturen fram til nåtid, for å kunne vurdere ikkje-materiell og materiell verdi av natur idag. Dei skal bli godt kjent med vår eigen tids ulike retningar innan miljøfilosofi og miljøetikk som grunnlag for ei reflektera haldning til miljøforståing og politikk. Studentane skal få ei innføring i korleis naturforståing har prega kunstnarlege uttrykk, serleg i biletkunsten.

Innhold

Sentrale tema:
· Historie: animisme, naturreligionar, naturforståing og forutsetningar i ulike tidlege kulturar, utvikling av meir kunnskapsbasera natursyn
· Miljøfilosofi og etikk: natur og fridom, dyrevern, natur som rettssubjekt, økofilosofi, djupøkologi, berekraftig utvikling.
· Friluftsliv og naturoppleving: sosial-psykologisk og miljø-psykologisk perspektiv, verdiforankring, kulturarv,
· Kunst: ulike kunstformer, kulturforståing og natur, tolkning og uttrykk.

Organisering

30 timar forelesing.
Obligatorisk: 30 timar seminar/kollokvier.
Det skal leverast ei semesteroppgåve til vurdering og denne skal framførast munnleg, der alle studentar skal delta.

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar på to delprøver: ei semesteroppgåve tel 40% og skriftleg sluttprøve (3 timar) tel 60% av endeleg eksamenskarakter. Begge delprøvene må vere bestått.

Pensum

Se pensumliste