Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
« Tilbake

Språket i utvikling og variasjon 2112

Fakta om dette emnet
Emnekode:
2112
Antall studiepoeng:
15,00
Nivå / grad:
Lavere grad
Pensum:

Forkunnskaper

Ingen

Læringsmål

Studentane skal kjenne hovuddraga i utviklinga av nordisk språk, særleg norsk, i tale og skrift, med vekt på tida etter 1814. Dei skal kunne sjå norrønt språk i ein diakron samanheng. Studentane skal ha kunnskap om ulike former for talemålsvariasjon, og kunne gjere greie for språklege endringsprosessar. Vidare skal dei bli kjende med undervisning i norsk som andrespråk, og kunne kunne kommentere mellomspråktekstar.

Innhold

Språket i utvikling og variasjon frå fellesnordisk tid og fram til i dag, og norsk som andrespråk (målspråk).

Organisering

Vårsemesteret, 6 veketimar i 15 veker. Forelesing og seminar.
Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.

Vurderingsformer

Mappevurdering med to individuelle skriftlege arbeid, som tel 25 %.
5 timars sluttprøve, som tel 75 %. Alle oppgåvene skal skrivast på nynorsk.
Det krevst ståkarakter både på dei innleverte arbeida til saman og på sluttprøva.

Pensum

Se pensumliste