Kuratorarbeid - Formidling 3492
3492
15,00
Lavere grad
Som for studiet
Teori og praktiske oppgåver skal gi studentane innsikt og ferdigheit i å planlegge og gjennomføre omvisningar; organisere verkstadsarbeid for barn; kuratere utstillingar med sikte på "Den kulturelle skolesekken"; og skrive marknadsførande og faglege tekster om kunst og kunstutstillingar (til dømes pressemeldingar og katalogtekster).
Det tredje hovudemnet er via det å snakke om kunst på omvisningar og å legge til rette og gjennomføre samtaler om kunst med grupper av barn og unge. Emnet handlar og om det å skrive om kunst i ulike sjangrar, til ulike målgrupper. Både det å snakke og skrive om kunst blir sett i lys av den innsikta som er opparbeidd i dei to første hovudemna. Det blir ogs gitt ei innføring i verkstadspedagogikk, og i kuratering av utstillingar som skal inn i "Den kulturelle skolesekken".
To samlingar med forelesningar, oppgåver, seminarer og ekskursjonar. Obligatorisk heimeoppgåver før og etter samlingar. Rapportar frå ekskursjonar og praksis. Ta del i formidlingsarbeid i praksisinstitusjonene.
Obligatorisk heimearbeid før samlingar: godkjent/ikkje godkjent
Obligatoriske heimeoppgåver etter første samling i hovudemnet: godkjent/ikkje godkjent
Obligatorisk heimeoppgåve etter andre samling: gradert karakter som tel 100% av karakteren i emnet.
Heimeoppgåver etter samlingar blir vanledvis gitt med 18 dagars innleveringsfrist. Det kan blir veksling mellom individuelle oppgåver og gruppeoppgåver.
Alle heimeoppgåver må vere godkjent for å få bestått i emnet.
Copyright © Høgskolen i Telemark