Hovudoppgåve, kulturstudiar H2583
H2583
45,00
Høyere grad
Opptakskravet til masterstudiet.
Gjennom hovudoppgåva skal studenten få auka innsikt i kulturvitskaplege forskingsmetodar, og få erfaring med å nytte slike metodar sjølvstendig i eit konkret arbeid.
Innlevering av skriftleg prosjektomtale til hovudoppgåva i byrjinga av 2. semester. Hovudoppgåva skal ha ein tverrfagleg karakter. Dette kjem til uttrykk i val av tematikk eller emne som eignar seg for tverrfagleg studium, dvs som kan studerast frå minst to ulike faglege perspektiv. Ofte vil hovudoppgåva byggje på tema og problemstillingar frå innføringsemnet eller eitt av fordjupingsemna. Tema for hovudoppgåva på valretninga i kulturadministrasjon må vere relevant for kultursektoren.
Valretning kulturadministrasjon
Kvar student får normert rettleiing i arbeidet med hovudoppgåva. Det bli halde hovudoppgåveseminar med obligatorisk skriftleg og munnleg framlegging kvart semester. Etter val (eventuelt tildeling) av hovudoppgåvetema skal kvar student levere ei prosjektbeskriving innan 15. februar første studieår. Prosjektbeskriving og oppgåvetema skal godkjennast av dei fagansvarlege ved studiet før det blir gjort rettleiingsavtale med studenten. Sidan tematikken i hovudoppgåva skal vere av tverrfagleg karakter, vil det normalt vere to rettleiarar. Den ferdige hovudoppgåva skal leverast innan 10. mai andre studieåret. Dei neste fristane for innlevering er 1. september og 10. januar. Både prosjektbeskriving og hovudoppgåve skal leverast og registrerast i administrasjonen (avdelingskontoret).
Vurdering skjer på grunnlag av innlevert oppgåve som kan bli justert etter ei obligatorisk munnleg prøving.
Copyright © Høgskolen i Telemark