SL - Norsk 1 - skolebasert 30SLNO1
30SLNO1
30,00
Lavere grad
Generell studiekompetanse
Innleiing:
Norskfaget handlar om kultur, kommunikasjon, danning og identitet. Faget er ei kjelde til oppleving og erkjenning, og det sett ein i stand til å lære, å utvikle seg og å delta aktivt i samfunnet.
Norskfaget er både eit vitskapsfag, eit studiefag og eit skolefag. Studiefaget norsk i den skolebaserte lærarutdanninga har som mål å gi studenten eit solid fagleg og didaktisk grunnlag for å undervise i norsk i grunnskolen. Faget har nyare forsking og fokuset i norskfaget i skolen som grunnlag. Dei fem grunnleggjande ferdigheitene – å kunne uttrykkje seg munnleg, å kunne uttrykkje seg skriftleg, å kunne lese, å kunne rekne og å kunne bruke digitale verktøy, og dei spesifikke norskfaglege emna i K06, har derfor ein sentral plass i arbeidet med faget.
Fagplanen i norsk byggjer på Rammeplan for Allmennlærerutdanning (fastsatt 3. april 2003 av Utdannings- og forskningsdepartementet).
Læringsmål:
Norskfaget i den skolebaserte lærarutdanninga er organisert i fire hovudemne (sjå hovudpunktet Innhald for nærmare omtale), med følgjande læringsmål:
Litteratur og litteraturformidling:
Studenten skal:
Elevtekstar og grammatikk:
Studenten skal:
Samansette tekstar:
Studenten skal:
Lese- og skriveopplæring:
Studenten skal:
Litteratur og litteraturformidling:
Litteraturen er ei kjelde til oppleving, refleksjon, erkjenning og utvikling. Lesing av litteratur utviklar språket, gjev ei forståing av historie og samtid og aukar den analytiske og estetiske kompetansen til elevane. Litteraturen har derfor ein sjølvsagt og stor plass i norskfaget i skolen. I dette emnet vil studenten møte eitt bredt utvalg tekstar både skjønnlitterære og sakprega, norske og internasjonale og eldre og nyare tekstar. Litteraturteori, sjangerteori og litteraturdidaktikk er også sentrale tema her. Skjønnlitteratur eigna for barn og ungdom, og formidlinga av denne har ein spesielt sentral plass i emnet.
Elevtekstar og grammatikk:
Å skrive er å lære, å tenkje, å reflektere, å uttrykke seg fagleg og kreativt, og å utvikle seg som menneske. Elevars skriving er derfor eit svært viktig fag- og satsingsområde i skolen og i lærarutdanninga. Til dette emnet høyrer mellom anna grammatikk og språkteori, tekstlingvistikk, prosessorientert skrivepedagogikk, norsk som andrespråk og sidemålsdidaktikk.
Samansette tekstar:
Barn og unge lever i ein mangfaldig mediekultur der lyd, bilete, skrift og tale utgjer ein tekstheilskap. Kunnskap om dette blir stadig viktigare for å kunne forstå barn og unges livsverd. I dette emnet vil studenten møte mange typar samansette tekstar, både analoge og digitale, tradisjonelle og moderne, enklare og meir komplekse. Det er aktuelt å jobbe både med analyse, vurdering og produksjon av samansette tekstar, og med ulike typar teori knytt til dette fagområdet.
Lese- og skriveopplæring:
Å lære elevane å lese og skrive er kanskje den viktigaste oppgåva skolen og lærarane har. Å meistre skriftspråket er ei grunnleggjande ferdigheit og er avgjerande for læring i alle fag og for aktiv samfunnsdeltaking. I eit samfunn som sett stadig høgare krav til lese- og skriveferdigheiter, er det viktig at arbeidet med lesing og skriving fortsett gjennom heile skoleløpet. I dette emnet vil ein derfor også jobbe med den såkalla andre lese- og skriveopplæringa. I tillegg er tema som barns språkutvikling, generell språkstimulering, metodar i byrjaropplæringa, byrjaropplæring på andrespråket og lesestimulering sentrale i dette emnet.
Norskfaget går over fire semester, med følgjande studiepoengfordeling: 10+8+7+5. Kvart semester er i hovudsak vigd eitt hovudemne:
Arbeidet i faget vil gå føre seg på to læringsarenaer – høgskolen og praksisskolen. Ein del emne vil det bli arbeidd med begge stader, medan andre emne vil bli tatt opp anten på høgskolen eller i praksis. Det vil altså ikkje bli undervist i alle emne eller i alt pensum på høgskolen – arbeidet i praksisskolen er ein like sentral del av tileigninga av faget. I tillegg er det forventa at studenten arbeider sjølvstendig med fagstoffet.
Av organiserte læringsaktivitetar vil studenten mellom anna møte fellesførelesningar, seminar, skrive- og responsverkstader, studentframlegg, gruppearbeid, rettleiing og læringssamtalar, kortare kurs, bruk av læringsplattformen fronter, samt planleggjing, gjennomføring og evaluering av ulike undervisningsopplegg.
Ein del av arbeidet i faget er skriftleg. Alle tekstane studenten skriv, skal samlast i ei arbeidsmappe. Nokre av tekstane vil det bli gitt tilbakemelding på av faglærar, andre blir det forventa at studenten sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Ein del av tekstane i arbeidsmappa vil utgjere den endelege presentasjonsmappa (sjå hovudpunktet Vurdering for nærmare omtale).
Semesterplanen, som blir delt ut i byrjinga av kvart semester, vil presisere innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret. Her vil det også gå fram kva for emne og opplegg som er obligatoriske. Semesterplanen kan bli endra undervegs, i samråd med studentane.
Undervegsvurdering – vurdert til godkjent/ikkje-godkjent:
Avsluttande vurdering – vurdert med karakter:
Tredje semester:
Fjerde semester:
Både mappa, prosjekt-/FoU-arbeidet og den munnlege eksamenen må vere bestått for å få godkjent faget.
Målform:
50/50 fordeling bokmål/nynorsk på dei skriftlege arbeida.
Copyright © Høgskolen i Telemark