Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

Studieomtaler 2005/2006 / Emner / AF / Institutt for kultur- og humanistiske fag / Introduction to English Language 2005
« Tilbake

Introduction to English Language 2005

2005
Fakta om dette emnet
Emnekode:
2005
Antall studiepoeng:
10,00
Nivå / grad:
Bachelor
Emnets varighet:
Eit semester

Forkunnskaper

Ingen

 

 

 

 

 

 

Læringsmål

Målsettinga er at studentane skal kfå innsikt i hovudtrekka i det engelsk grammatikk, i det engelske lydsystemet, og i den historiske utviklinga av det engelske språket. Vidare er målet å gjere studentane i stand til å kunne bruke språket både skriftleg og munnleg i ulike situasjonar nokolunde feilfritt og idiomatisk riktig. Dei skal òg kjenne til dei vanlegaste uttalevanskar og språklege feil hos norske elevar og kunne gjere greie for korleis ein best kan rette på desse. Ein studiekombinasjon samanset av 2005 Introduction to English Language og 2006 Sounds and Structures of the English Language skal både gje fagleg kompetanse innanfor temaet 'engelsk språk' i grunnskole og vidaregåande skole, og gje opptaksgrunnlag for tilleggsstudium ved høgskole eller universitet

Organisering

Forelesing og seminar. Seks undervisningstimar i veka. Haustsemesteret.
Dei einskilde emneområda blir gjennomgått og forklara på forelesningane. I seminarundervisninga vil studentane få høve til å arbeide med einskilde tema. Som del av undervegsevalueringa vil det bli skriftlege innleveringar og/eller munnlege framføringar.  Stoff som blir gjennomgått i forelesningar og seminar er sentralt pensum til eksamen.
Det er krav om 80 % frammøte på seminara.

Innhold

Emnet vil gje ei brei oversikt over lydsystemet i det engelske språket og ei generell innføring i det grammatiske formverket og korleis språket er bygd opp. Det vil òg bli gitt eit kort oversyn over korleis språket har utvikla seg, og ei innføring i variantar av engelsk rundt om i verda. Vidareformidling og bruk i undervisning av dei tema som emnet omfattar er ein viktig del av 2005 Introduction to English Language.

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga i emnet vil omfatte skriftlege prøver og/eller innleveringar som tel til saman 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøver må være bestått for å få bestått karakter i emnet.