HiT-logo

Folkekunst - tre - metall - tekstil, bachelor

Bachelorstudiet i folkekunst er eit tilbod til deg som er interessert i utøving innan eit handverk og i formidling av norsk folkekunst.

Studiekode: 220 442
Mer om opptak

Fakta om studiet

Studiet har som mål å gje ei innføring i norsk folkekunst, både teoretisk og gjennom praktisk arbeid. Med folkekunst meiner vi her dei materielle kunsformene som har utvikla seg særleg i norske bygder fram mot vår tid. Å vidareutvikle ferdigheitene i å formgje i eit materiale, og kunne kombinere teknikkar og estetisk kompetanse, vert vektlagt i studiet.

Organisering

Første året vil du, med basis i lokal formkultur, lære å sjølv utforme eigne produkt og utvikle dine evner til kreativt arbeid og formidlingarbeid.

I andre året søkjer vi å bringe element frå folkekunsten inn i vår eiga tid og lage gode samtidsprodukt. Studiet har to hovedkomponentar: Fellesdelen skal gje deg erfaring og innsyn i formgjevande folkekunstprosessar, i formidling av kultur- og tradisjonsstoff og i FoU-arbeid.

I tredje studieår vil studenten kunne arbeide med individuelle problemstillingar (haustsemesteret) som skal danne grunnlag for den avsluttande fordjupingsoppgåva i vårsemesteret.

Karriere

Fleire tidlegare studentar held fram som utøvarar innan folkekunst/kunsthandverk. Andre arbeider med undervisning i ulike skuleslag eller kombinerer utøving med andre yrker. Avhengig av retning og fordjuping kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, husflidskonsulent m.m. Studiet kan kombinerast med anna høgare utdanning, t.d. ulike typar lærarutdanning, kulturfagleg utdanning m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av internasjonale nettverk innan folkekunst, noko ein kan ha nytte av vidare i si karriere. Studiet kvalifiserer for opptak til masterstudiet i Tradisjonskunst.

Opptakskrav:

Generell studiekompetanse eller god kunnskap innen fagområdet/utøvande. (Kontakt høgskolen).

Fjorårets poenggrense for opptak:

Ordinær kvote: Alle Førstegangsvitnemålskvote: Alle

Kontaktperson:

Anne Margit Barstad

Førstekonsulent


Skrevet ut fra: http://www.hit.no//Studietilbud/Folkekunst-tre-metall-tekstil-bachelor