Folkemusikk, bachelor
Studiet gjev teoretisk og praktisk innføring i norske folkemusikktradisjonar og legg vekt på å utvikle forståing for den rike variasjonen i form og funksjon.
Studiekode: 220 443
Mer om opptak
Fakta om studiet
Det blir undervist i tradisjonelle instrument som hardingfele, fele fløyte og song. Vi prøver å oppfylle dine ynskjer når det gjeld val av hovudinstrument.
Organisering
I andre året kan du fordjupe deg i folkemusikken og bli i stand til å formidle den. Studiet har ein fellesdel og ein fordjupingsdel, kvar på 30 studiepoeng. Fellesdelen tek opp folkemusikken som kulturpolitisk og historisk fenomen. I fordjupningsdelen kan du velje utøvande og allmenn formidling eller arkiv- og innsamlingsarbeid.
I det tredje studieåret skal du som student vidareutvikle ei sjølstendig tilnærming til formidling og utøving av folkemusikk. Gjennom eit eige forskingsprosjekt/feltarbeid skal du tileigne deg røynsler og teoretisk kunnskap kring forsking og utviklingsproblematikk innan fagfeltet.
Tilbod til utøvarar:
Utøvarane kan få fleire timar med undervisning på hovudinstrumentet. For å få rett til dette, må utøvaren vise tilstrekkeleg dugleik gjennom ei opptaksprøve tidleg i haustsemesteret (september).
Karriere
Fleire tidlegare studentar held fram som utøvarar innan folkemusikk. Andre arbeider med undervisning i ulike skuleslag eller kombinerer utøving med andre yrker. Avhengig av retning og fordjuping kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, folkemusikkarkivar m.m. Studiet kan kombinerast med anna høgare utdanning, t.d. ulike typar lærarutdanning, kulturfagleg utdanning m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av internasjonale nettverk innan folkemusikk, noko ein kan ha nytte av vidare i si karriere. Studiet kvalifiserer for opptak tilmasterstudiet i Tradisjonskunst.
Skrevet ut fra: http://www.hit.no//Studietilbud/Folkemusikk-bachelor
