Design, redesign og saum av klede
Dette er eit deltidsstudium for deg som vil arbeide med kledesign, kostyme, kunst og handverk eller som lærar.
Studiekode: 2309
Mer om opptak
Fakta om studiet
Studiet er delt inn i 5 delemne som samla sett gjev ulike perspektiv på temaet design, re -design og saum av klede.
Det vil vere fokus på målsydde og handverksproduserte klede. Studiet inneheld praktisk arbeid med ulike materialar og bruk av maskiner, reiskap og teknikkar i saumfaget. Som student får du lære måltaking, mønsterkonstruksjon, mønsterforming, tilskjering, tilpassing av plagg og ulike saumteknikkar, re-design og omsaum, modellering mm.
Skrevet ut fra: http://www.hit.no//Studietilbud/Design-redesign-og-saum-av-klede