Engelsk, årsstudium - samlings- og nettbasert
Vi er omgjevne av engelsk språk og kultur, og engelsk er det mest nytta språket i global kommunikasjon. I framtida vil solide engelskkunnskapar vere ein sjølvsagt og naudsynt føresetnad på dei fleste felt i arbeidslivet. Engelsk årsstudium er dermed ei grunninvestering i framtida.
Studiekode: 220 622
Mer om opptak
Fakta om studiet
Her får du ei brei innføring i engelskspråkleg litteratur og kultur frå heile verda, og god innsikt i strukturane til det engelske språket. Du vil møte litteratur frå ulike periodar, sjangrar og geografiske område, og gjennom ei praktisk og teoretisk tilnærming vil du betre evna di til skriftleg og munnleg bruk av språket.
Struktur og oppbyggjing
Studiet er bygd opp av sju avsluttande kurs, som alle kan takast enkeltvis.
Det er 2 samlingar i Bø i semesteret, forelesingar (audio/video) på nettet, rettleiing i samtalerom og epost samt oppgåver og anna undervisning på nettet.
Høsten 2015 er det følgjande samlingshelgar: 28.-29. august og 30.-31. oktober. Samlingane er ikkje obligatoriske.
I det studieåret som kjem, kan du ta følgjande emne: 2007N British Literature and Culture 1600-1980
Emne hausten 2015
- 2011 Essay Writing
- 2009 The Contemporary English-Speaking World
Karriere
Studiet gjev deg solide engelskkunnskapar, noko som er stadig meir etterspurd i arbeidslivet.
Studiet gjev deg kompetanse til å undervise i engelsk i grunnskolen og i vidaregåande skole. Årsstudiet vil elles gi eit godt grunnlag for yrke der det vert stilt kompetansekrav innan engelsk, som til dømes i:
- Reiselivsbransjen
- Media
- Internasjonalt arbeid
- Omsetting og tolking
- Forlagsverksemd
- Bibliotek- og arkivarbeid
- Informasjonsformidling i privat og offentleg sektor
- Ymse oppgåver i næringslivet og offentleg forvaltning
Årsstudiet i engelsk inngår i Bachelor i språk og litteratur, og kan innpassast i andre bachelorgrader
Skrevet ut fra: http://www.hit.no//Studietilbud/Engelsk-aarsstudium-samlings-og-nettbasert