HiT-logo

Norsk

Studiet gjev ei grunnleggjande innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen og fram til i dag, i eit breitt kulturelt perspektiv.

Studiekode: 220 210
Mer om opptak

Fakta om studiet

Studiar i norsk gjev deg kompetanse i kommunikasjon, språk og litteratur.

På årsstudium i norsk underviser vi i følgjande emne:

  • Litterær analyse
  • Litteraturhistorie
  • Grammatikk
  • Språkbruksanalyse
  • Språkhistorie
  • Talemålskunnskap
  • Norsk som andrespråk

Det er mogleg å ta enkeltemne frå studiet både i haust- og vårsemesteret.

Det er og mogleg å ta emne som "Fantastisk litteratur" og "Nynorsk før og no" ved sida av eller etter norsk årsstudium.

Undervisningsformene er forelesing og seminar.

Meir informasjon om våre studium i norsk finn du i studieplanen.

Karriere

Studiet kvalifiserer for norskundervisning i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Det gjev god bakgrunn for arbeid i massemedium. For å nytte utdanninga i skulen må du ha praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg. Studiet går inn i Litteratur og språk, bachelor med fordjuping i norsk, eller det kan vere del av andre bachelorgrader. 

Opptakskrav:

Generell studiekompetanse

Fjorårets poenggrense for opptak:

Ordinær kvote: Alle Førstegangsvitnemålskvote: Alle

Kontaktperson:

Kristin Midtbø

Førstekonsulent


Skrevet ut fra: http://www.hit.no//Studietilbud/Norsk