HiT-logo

Norsk, årsstudium - samlings- og nettbasert

Studiet gjev ei grunnleggjade innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen og fram til i dag, i eit breitt kulturelt perspektiv.

Studiekode: 220 672
Mer om opptak

Fakta om studiet

Studier i norsk gjer deg kompetanse i kommunikasjon, språk og litteratur.

Dei fire emna som utgjer studiet omfattar mellom anna slike tema:

  • Litterær analyse,
  • Litteraturhistorie,
  • Grammatikk,
  • Språkbruksanalyse,
  • Språkhistorie
  • Talemålskunnskap.
  • Norsk som andrespråk

Struktur og oppbyggjing

Norsk årsstudie er bygd opp av fire avsluttande kurs, som alle kan takast enkeltvis. Det er 2 samlingar i Bø i semesteret, ca 15 forelesingar (audio/video) på nettet, rettleiing i samtalerom og epost samt oppgåver og anna undervisning på nettet.

Våren 2015 er det emnet "Litteratur etter 1900" som går. Det er følgjande to samlingshelgar: 16. og 17. januar og 17. og 18. april. Samlingane er ikkje obligatoriske. Hausten 2015 går emnet "Språket i utvikling og variasjon".

Dette er IKKJE eit språkkurs og morsmålsnivå (norsk) er forventa.

Les meir om våre studier i norsk i studieplanen.

Karriere

Studiet kvalifiserer for norskundervisning i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Det gjev god bakgrunn for arbeid i massemedium. For å nytte utdanninga i skulen må du ha praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg. Studiet går inn i Litteratur og språk, bachelor med fordjupning i norsk, eller det kan vere del av andre bachelorgrader.

Opptakskrav:

Generell studiekompetanse. Dette er IKKJE eit språkkurs og morsmålsnivå (norsk) er forventa.

Fjorårets poenggrense for opptak:

Ordinær kvote: 41,4 Førstegangsvitnemålskvote: Alle

Kontaktperson:

Kristin Midtbø

Førstekonsulent


Skrevet ut fra: http://www.hit.no//Studietilbud/Norsk-aarsstudium-samlings-og-nettbasert