Skjul bilder
Skriv ut
Lukk vindauget
Hugseliste for utanlandsstudentar
FØRSTEGONGSSØKJARAR:
Hugs å leggje ved kopi av endeleg bevis på opptak frå lærestaden (utan faglege føresetnader). Grad, fagområde, kor lenge studiet varer og skolepengar skal gå fram av dokumentasjonen.
Dersom du betaler skolepengar – legg ved dokumentasjon frå lærestaden på studieavgift. Hugs at Lånekassen kun dekkjer utgifter til skolepengar.
Dokumentasjon frå lærestaden skal være eit offisielt brev. E-post eller utskrift frå Internett kan ikkje nyttast.
Legg ved dokumentasjon på generell studiekompetanse (endeleg vitnemål frå vidaregåande skole) første gong du søkjer støtte til studier i utlandet.
ALLE SØKJARAR:
Bruk nettsøknad – enkelt og greitt!
Gje rett postadresse, e-post og mobilnummer.
Når søknaden din er behandla og godkjent, mottek du eit gjeldsbrev som du må signere. Du kan velje elektronisk signering – du må då skaffe deg smartkort og kortlesar.
Bruk Dine Sider – her kan du leggje inn postadresse, endre mobilnummer og e-postadresse, endre kontonummer, bestille nytt gjeldsbrev, velje signeringsmåte og følgje saken.
Hald kontakt med Lånekassen i løpet av studiet! Meld frå om endringar som f.eks. byte av lærestad og fagretning, forseinking, avbrot eller sjukdom.
Som kunde i Lånekassen pliktar du å gje riktige og fullstendige opplysningar, og å melde frå om endringar i forhold til det som blei opplyst i søknaden – opplysningsplikt.
Ved brudd på opplysningsplikta reagerer Lånekassen strengt. Moglege reaksjonsformer på misleghald er omgjering av stipend til lån, rentebelastning i støtteperioden, umiddelbart krav om tilbakeføring av støtte, nekting av støtte eller betalingslettelser eller politianmeldelse.
Alle kundar i utlandet blir kontrollert, anten ved oppstartskontroll, undervegs i studiene eller ved ein sluttkontroll. Vi sender då brev til deg og ber deg sende inn dokumentasjon.
Les breva og send inn dokumentasjonen som Lånekassen ber om. Mange svarer ikkje, og det blir då vurdert som misleghald av opplysningsplikta.
Lånekassen ønskjer færrast mogleg misleghaldssaker, men får mange slike fordi vi ikkje får svar på våre kontrollbrev.