Patentstyret
Patentstyret
Søknad om design via Altinn
Frå 25. juli kan næringslivet og privatpersonar sende inn elektronisk søknad om design til Patentstyret.

Nye versjonar av skjema for å søkje om varemerkevern og skjema for å sende inn korrespondanse er òg tilgjengelege frå same dato. Skjema for varemerke er vidareutvikla og det er no mogleg å laste opp data frå fil (XML) automatisk. Rollekrava for å fylle ut og sende inn skjema er òg endra (sjå lenkje nedanfor).

Enklare å sikre verdiar

I Altinn finn du søknadsskjema for patent-, varemerke- og designvern lett tilgjengeleg, dessutan skjema for å sende inn korrespondanse. Desse kan du på ein enkel og sikker måte levere inn elektronisk til Patentstyret. Dette inneber at det no er blitt enklare for norske verksemder å søkje vern for tekniske oppfinningar, varemerke og produktdesign. Dette er viktige strategiske verkemiddel verksemdene har for å forsvare seg mot ulovleg kopiering og sikre inntening av utviklingskostnader.

Du finn skjema tilgjengelege både på bokmål og nynorsk.

All fyrstelinje brukaradministrasjon knytta til bruk av desse skjema vil skje i Altinn, medan faglege spørsmål skal rettast direkte til Patentstyret.

pil Sjå meir informasjon om tenesten på Patentstyrets sider på www.altinn.no.

Ansvarleg: Monika Meisler, tlf. 22 38 74 71, e-post: This is a mailto link

Sist endret: 16.10.2007

RSS Aktuelt
Nyhetsbrev
Ønsker du å motta nyheter fra Patentstyret på e-post?
Fyll inn din e-postadresse her:
Abonner
Avbestill

Utviklet i samarbeid med Gazette