Patentstyret
Patentstyret
Søknadsbehandling
Behandling av din designsøknad

Din søknad om designregistrering skal leverast inn til Patentstyret.

Når søknaden din kjem til Patentstyret, vil den bli journalført og overført til ein saksbehandlar.

Vi sender deg ein faktura for søknadsavgifta med ein betalingsfrist på ein månad. Fakturaen fungerer også som kvitteringa di for motteken søknad.

Dersom det er manglar ved eller feil i søknaden, sender vi deg eit brev om dette som du får ein frist til å svare på. Dersom du ikkje svarer innan fristen, vil søknaden bli henlagt. Sjølv om søknaden blir henlagt, kan du på visse vilkår få gjenoppteke søknadsbehandlinga.

Vurderinga til Patentstyret

Patentstyret vurderer ikkje om søknaden din krenkjer rettar til ein annen, og du vil kunne oppnå registrering trass i at designen ikkje skil seg tydeleg frå  design til ein annan. Som søkjar har du sjølv ansvaret for å kontrollere at rettar til andre ikkje blir krenkte. Utnyttar du rettar andre har til ein design, risikerer du erstatningsansvar.

Supplerande undersøking

Dersom du ber om supplerande undersøking sender vi deg ein rapport over registrerte eller søkte design som ikkje skil seg tydeleg frå designen din. Det er så opp til deg om du ønskjer å gå vidare med søknaden eller trekkje den.

Godkjenning av søknaden

Dersom søknaden blir godkjent, registrerast designen og registreringa blir kunngjort i Norsk Designtidende.

Kan andre sjå søknaden din?

Ein designsøknad blir halden automatisk hemmeleg i inntil seks månader, med mindre du ber om at søknaden skal vere allment tilgjengeleg allereie ved innlevering. 

Det er mogeleg å utsetje registreringa i opptil seks månader frå søknadsdatoen eller prioritetsdatoen, eller oppgi ein bestemt dato innanfor dette tidsrommet. Dersom registreringa ikkje har skjett innan seks månader rekna frå søknadsdagen, eller prioritetsdagen og du krev prioritet, vil søknaden automatisk bli allment tilgjengeleg.

Sjølv om søknaden er hemmeleghalden er bibliografiske opplysningar allment tilgjengelege, for eksempel namn og adresse på søkjaren.

Dokumenta i søknaden er allment tilgjengelege når den ikkje er hemmeleghalden. Dette gjeld ikkje for Patentstyrets interne arbeidsdokument.

Så lenge søknaden er hemmeleghalden, kan du trekkje den tilbake utan at den blir nyheitshindrande for ein ny variant av same design. Du kan også velje å hemmeleghalde søknaden til ein fastsett dato, eller maksimalt i seks månader.

Innvendingar og klagemoglegheiter

Alle som meiner at ein design er blitt registrert på feilaktig grunnlag, kan be om at Patentstyret utfører ei administrativ avgjerd av designregistreringa. Dette kan gjerast når som helst etter at designen er blitt registrert mot å betale ei avgift.

Du kan klage avgjerda til Patentstyret inn til 2. avdeling, som er Patentstyrets klageorgan. Ei klageavgift må betalast.

Avgjerda i 2. avdeling kan ankast inn for domstolane.

Dersom Patentstyret avslår søknaden din om designregistrering, kan du klage denne avgjerda inn til 2. avdeling.
Les meir om klagemoglegheitene dine.

Har du spørsmål?
Ta kontakt med Patentstyrets infosenter, tlf 22 38 73 33.

Sist endret: 25.03.2004


Utviklet i samarbeid med Gazette