Tenkjer du nytt innanfor teknikk, varemerke eller design, kan ei forundersøking gi deg opplysningar som blir avgjerande for planane dine. Og best av alt: Du får dei viktige opplysningane på nokre dagar!
På desse sidene har vi lista opp ei rekkje situasjonar der ei forundersøking vil ha stor verdi. Men det finst langt fleire alternativ – kontakt oss og fortel om behovet ditt! Vi har fagingeniørar, juristar, bibliotekarar og røynde saksbehandlarar som gir deg den viktige informasjonen – så du kan ta dei rette avgjerslene.
Les meir om ein mogeleg nyskapingsprosess
Leveringstid og hasteoppdrag
Dersom ikkje anna er avtalt garanterer Patentstyret følgjande leveringstider: Patent: 5-10 vyrkedagar Varemerke: 5 vyrkedagar Design: 3 vyrkedagar
Mot eit tillegg i prisen kan du også få utførd hasteoppdrag innan 24 timar.
Konfidensiell behandling
Vi utfører alle forundersøkingar etter lovpålagd teieplikt. Bestiller du ei forundersøking, er du sikra full konfidensialitet.
For bestilling av forundersøkingar, spørsmål eller meir informasjon:E-post: Telefon: 22 38 74 61