Patentstyret
Patentstyret
Nybyrjarguide
- side 2
Før du søkjer ...

Vil du vite meir:

 Er ideen ny?                              
 Er det dyrt og vanskeleg å søkje varemerke- eller designregistrering?   
 Er det dyrt og vanskeleg å søkje patent?  
 Før du søkjer (forundersøkingar)   
 Vil du lære meir?
 Tilbake til Nybyrjarguide - hovudside

 

 Er ideen ny?

Patent - Eitt av krava for å få innvilga eit patent er at oppfinninga er ny. Det vil seie at du ikkje må vise fram, demonstrere eller skrive om oppfinninga di på ein slik måte at kven som helst kan ha fått tilgang til denne informasjonen før du søkjer patent. Dette kravet er svært strengt. Er du i tvil, ta kontakt med Patentstyret først!

Design – Som hovudregel gjeld det same som for patent. Du har likevel høve til å prøve ut designen på marknaden i inntil 12 månader før du leverer inn søknaden, men vi rår til at du søkjer om designregistrering først, fordi designen din ikkje er verna i denne perioden, og du kan risikere at andre kopierer designen din i mellomtida.
 

 
 Er det dyrt og vanskeleg å søkje varemerke- eller designregistrering?
 

Det er rimeleg å levere inn ein norsk søknad om design- eller varemerkeregistrering til Patentstyret. Dersom du ønskjer å søkje registrering i utlandet, er prisen avhengig av kva for land og kor mange land du vil søkje vern i.

Det er relativt enkelt å utforme ein design- eller varemerkesøknad. Dersom du ønskjer å bruke profesjonell hjelp til å utforme søknaden din, kan du ta kontakt med eit patentbyrå. Ei oversikt over profesjonelle patentbyrå finn du under Patentbyrå i Telefonkatalogen sine Gule sider.
Desse utgiftene kjem i tillegg til søknadsavgifta.

Les meir om:
Varemerke - avgifter      Varemerke i utlandet
Design - avgifter              Design i utlandet


 

 Er det dyrt og vanskeleg å søkje patent?
 

Søknadsprosessen for patent er nokså kompleks. Har du lita eller inga erfaring med patentsøknader, rår vi til at du bruker profesjonell hjelp. Eit patentbyrå kan hjelpe deg med å utforme søknaden din, for både Noreg og utlandet, og følgje opp kritiske tidsfristar og innbetalingar.

Det er rimeleg å levere inn ein norsk søknad om patent til Patentstyret. Eventuelle utgifter til eit profesjonelt patentbyrå kjem i tillegg. Ei oversikt over profesjonelle patentbyrå finn du under Patentbyrå i Telefonkatalogen sine Gule sider.

Dersom du ønskjer å søkje patent i utlandet, er prisen avhengig av kva for land og kor mange land du vil søkje vern i.

Les meir om:
Patent - avgifter               Patent i utlandet 
 

 

 Før du søkjer (forundersøkingar)

Det lønner seg å undersøkje først om ideen din eller produktet ditt er verna av andre før du leverer inn ein søknad. Du kan anten ta ein tur innom Patentstyret og sjekke sjølv, eller du kan få utført ei forundersøking hos ein av konsulentane våre, som vil gjere eit meir omfattande søk i nasjonale og internasjonale databasar.
- Les meir om forundersøkingar
- Les om ein mogleg nyskapingsprosess
 


 Vil du lære meir?

Veit du nok til å ta dei strategisk rette avgjerslene om vern og verdisikring av produktet ditt? På kursa våre får du kunnskap om lovverk og praksis innanfor varemerke-, design- og patentvern, kunnskap som kan vere avgjerande når forretningsstrategien skal utviklast.

Les meir om:
- Fremtidsprat som vi held fleire stader i Noreg, og 
- kurstilbodet vårt
 

 
  

Er du i tvil eller lurer på noko,
ring infosenteret vårt på 
telefon 22 38 73 33

Les meir om kva vi kan hjelpe deg med

  

 Anna:

- Foretaksregistrering - ta kontakt med Brønnøysundregistra.
- Opphavsrett/Åndsverk/Copyright - du får meir informasjon på www.clara.no eller ved å ta kontakt med Kulturdepartementet
- Domenenamn - dersom du vil registrere eit domenenamn, finner du meir informasjon på norid.no 

 

 

Sist endret: 05.01.2007

RSS Aktuelt
Nyhetsbrev
Ønsker du å motta nyheter fra Patentstyret på e-post?
Fyll inn din e-postadresse her:
Abonner
Avbestill

Utviklet i samarbeid med Gazette