Patentstyret
Patentstyret
Design
Du har investert mykje tid, ressursar og kreativitet i utforminga av ein innovativ og særprega utsjånad for produktet ditt. Desse investeringane bør du verne! Ein tiltalande design blir stadig viktigare i konkurransen om å skilje seg ut i mengda av liknande produkt.

På denne siden finner du:
  kva er ein design
  kvifor registrere designen din
  kva kan få vern som design
  kvar og korleis søkje designregistrering
  kva bør du tenkje på
  kva skal søknaden innehalde
  kor mye kostar det å søkje registrering
  kva skjer med søknaden
  kor lenge varer ei registrering

 

Kva er ein design?

Design refererer til utsjånaden og forma til eit produkt eller ein del av eit produkt.

For å få registrert designen din må det oppfylle visse krav. Les meir om kva som kan få vern som design.

Kvifor registrere designen din?

Ei designregistrering dokumenterer retten til ein bestemt design i eit avgrensa tidsrom, og du kan lettare hindre andre i å utnytte same designen.

Den kan gi deg ein viktig konkurransefordel fordi du får eineretten til å utnytte designen kommersielt ved blant anna produksjon, annonsering, sal, bruk og import. Ein einerett er ein av dei sterkaste fordelane du kan ha i ein konkurranseutsett marknad.

Ein ny design er ofte basert på nye idéar og rikeleg innsats av tid og ressursar frå deg og samarbeidspartnarane dine. Desse investeringane bør du verne!

Ved å kunne dokumentere retten til ein design, har du eit godt utgangspunkt for å forhandle om finansiering av utviklingskostnader og for å inngå sals- og lisensavtalar med andre.

 

Kva kan få vern som design?

  • Form og utsjånad på eit produkt, for eksempel utforminga av ein tannbørste, bil, telefon eller eit møbel.
  • Deler av produktet, for eksempel tannbørstehovud, stolbein, tastatur til telefon.
  • Utsjånad på ikkje-fysiske gjenstandar slik som skjermbilete, typografiske skrifttypar og grafiske symbol. (Du kan ikkje registrere dataprogram.)
  • Eit ornament, for eksempel dekoren på eit servise eller figureringa på tekstilar og tapet.

Eit interiørmessig arrangement, som for eksempel eit kaféinteriør.

Tekniske løysingar blir ikkje verna ved ei designregistrering.
Dersom designen din inneheld ei teknisk løysing, vil ikkje designregistrering gje vern for denne løysinga. Dersom du ønskjer vern for den tekniske løysinga, må du også søkje om patentvern.

Utforminga må vere ny
Som hovudregel må ein design som vert registrert vere ny og ikkje tidlegare offentleggjort innanfor EØS-området. Utanfor EØS-området må den heller ikkje vere offentleggjort overfor fagkrinsane i den relevante bransjen.

Du har likevel eit høve til å prøve ut designen på marknaden i inntil tolv månader før søknad blir levert inn.

Utsjånaden må skilje seg tydeleg frå tidlegare kjende design.

 

Kvar og korleis skal eg søkje designvern?

I Noreg:
I Noreg leverer du inn ein søknad om registrering av design til Patentstyret.
Ei norsk designregistrering gjeld berre for Noreg.
Søknadsskjemaa for designregistrering

Les meir om designregistrering utanfor Noreg 

 

Kva bør du tenkje på før du leverer inn ein søknad om designregistrering?

1. Søknaden kan ikkje endrast etter innlevering.

2. Patentstyret sjekkar ikkje om designen er ny. Dersom du er usikker, kan du be om ei supplerande undersøking. Vi søkjer i databasane våre og du får ein rapport som du sjølv vurderer før du fastset om du ønskjer å gå vidare med søknaden eller trekkje den.

3. Det er ein god idé å sjekke om det finst like eller liknande design før du bruker tid og pengar på å verne eller ta den i bruk. Du kan ikkje registrere ein design som andre allereie har registrert eller søkt registrert.
Patentstyret gjennomfører raskt og rimelig forundersøkelser for deg og kan også vurdere resultata.

4. Søknaden blir halden hemmeleg i inntil seks månader, med mindre du ber om noko anna i søknaden. Du kan altså trekkje attende ein innlevert søknad utan at den skaper problem for kravet om nyheit, dersom du ønskjer å levere inn ein ny design som ikkje skil seg tydeleg frå den fyrste. Du kan også velje å halde søknaden hemmeleg til ein fastsett dato, eller maksimalt i seks månader. Dette kan vere aktuelt dersom designen ikkje er ferdig utvikla.

5. Det må vedleggjast bilete/gjengivingar av designen. Bileta må vere så gode som mogeleg ettersom dei dannar grunnlaget for det vernet du vil få.

6. Dersom du ønskjer å registrere ein del av eit produkt, må det kome tydeleg fram kva som skal vernast.

7. Har du fleire variantar av same design, bør du søkje om vern av alle samtidig. Du kan seinare trekkje tilbake dei som ikkje skal brukast.

8. Fleire design kan inngå i same søknad dersom designane tilhøyrer same hovudklasse etter Locarnoklassifikasjonen (norsk oversikt).

9. Dersom du vurderer å søkje om både patent- og designvern, bør begge søknadane leverast inn same dag for å kunne oppfylle kravet om nyheit.
Meir informasjon om søknadsbehandling

10. Ønskjer du profesjonell hjelp til utforming av søknaden din før den blir levert inn til Patentstyret, kan du sjå under Patentbyråer i Telefonkatalogens Gule sider

11. Søkjarar som ikkje er busette i Noreg, må bruke norsk fullmektig. Det er ikkje noko formelt krav til fullmektigen anna enn at vedkomande må vera busett i Noreg, og viss fullmektigen er eit føretak, held til i Noreg.

 

Kva skal designsøknaden innehalde?

Ein søknad må innehalde bilete, gjengjeving eller modell som viser designen. Du kan ikkje endre søknaden din til å gjelde ein annan design eller eit anna produkt etter at den er levert inn.

Det er mogeleg å søkje designvern for fleire design i same søknad dersom produkta det blir søkt vern for blir klassifiserte i same hovudklasse etter Locarnoklassifiseringa.

Når du har søkt designvern i eitt land, kan du krevje prioritet i andre land. I samsvar med internasjonale avtalar kan den som har søkt designregistrering i eitt land, krevje prioritetsrett i andre land der same design blir søkt verna. Retten gjeld i seks månader frå den dagen søknaden blei levert inn i det fyrste landet – prioritetsdagen. Prioritetsretten inneber at du går føre andre som søkjer vern for den same designen etter prioritetsdagen. Den inneber òg at spørsmålet om designen er ny og har individuell karakter skal vurderast ut frå situasjonen på prioritetsdagen også i dei seinare søknadane.

 

Kor mye kostar det å søkje om designregistrering i Noreg?

Når du leverer inn ein designsøknad, skal du betale ei søknadsavgift på kr 1 300 som inkluderer registrering for 5 år i inntil tre klasser.
Dersom du ønskjer å registrere designen din i fleire enn tre klasser er avgifta kr 400 pr klasse.
Dersom du ønskjer å levere inn ein modell av designen, kostar det kr 1100.
Dersom du søkjer om fleire design frå same klasse i ein søknad (samregistrering) må du betale kr 850 for kvar design  i tillegg til den eine.
Les meir om avgiftene.

 

Kva skjer med søknaden din?

Når du har levert inn søknaden din, skal den igjennom ei rekkje prosedyrar.
Les meir om søknadsbehandling

 

Kor lenge er designregistreringa gyldig?

Designregistreringa di gjeld for ein eller fleire fem-årsperiodar. Perioden blir rekna frå søknaden blir innlevert. Du kan fornye registreringa di for fleire periodar i inntil maksimalt 25 år til saman.
(For reservedelar er maksimal vernetid fem år. Som reservedel blir rekna delar som blir brukte til reparasjon av produkt.)

Dersom  nokon meiner at designvernet er gitt på feil grunnlag, kan ein når som helst be om at Patentstyret gjer ei administrativ overprøving av designregistreringa.

Registreringa kan også kjennast ugyldig ved dom.

Når vernet stansar, kan designen utnyttast av alle. I visse tilfelle kan likevel andre sin rett til å utnytte designen vere avgrensa i samsvar med anna lovgjeving. Det kan for eksempel stride mot god forretningsskikk etter marknadsføringslova å leggje seg designmessig for nær konkurrentane, eller designen kan ha krav på opphavsrettsleg vern.

 

Har du spørsmål om vern av design?

Ta kontakt med Infosenteret på telefon 22 38 73 33,
send ein e-post til This is a mailto link
eller kom innom oss i Københavngt 10, i Oslo (sjå kart)

Her finn du meir informasjon om kva vi kan hjelpe deg med

Sist endret: 03.01.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette