Patentstyret
Patentstyret
Patentering utanfor Noreg
Dersom du ønskjer å søkje patent i andre land, har du fleire val.

Etter at du har bestemt deg for å søkje patent i utlandet, kan du anten

  • levere inn ein patentsøknad til det nasjonale patentorganet i det enkelte land du ønskjer patentvern i eller
  • du kan nytte deg av internasjonale eller regionale ordningar som gjer det enklare å søkje patent i fleire land samtidig.

Viktig før du søkjer utanfor Noreg

For ikkje å kaste bort tid og pengar i andre land på vern av ei oppfinning som seinare viser seg ikkje  kan patenterast, kan det vere ein god regel å starte med å levere inn ein patentsøknad til Patentstyret her i Noreg.

Innan 7 månader frå du leverer inn søknaden din, vil du motta eit svar frå Patentstyret med ein fyrste uttale om oppfinninga eignar seg til patentering. Patentstyret freistar å halde same nivå på vurdering av patentering som dei viktigaste europeiske industrilanda, og difor gjev denne fråsegna ein god indikasjon på utfallet også i andre land.

Dersom du vil ha raskare svar, kan du få utført ei forundersøking. Du vil då få eit svar innan 10 dagar med ein indikasjon på om oppfinninga  eignar seg til patentering. Meir om forundersøkingar

For at du skal kunne krevje prioritet, må søknaden leverast inn i andre land innan tolv månader frå innleveringsdagen for den opphavelege søknaden.

Internasjonal patentsøknad (PCT)

Konvensjonen om patentsamarbeid (Patent Cooperation Treaty - PCT) er ei verdsomfattande ordning for forenkla innlevering og behandling av patentsøknader. Ca. 123 land, medrekna dei fleste industriland, er med i ordninga.
Liste over land som er tilknytt PCT-ordninga.
Lenkje til WIPO si oversiktsside om PCT

Du kan levere inn den internasjonalen søknaden til Patentstyret. Søknadsskjemaet må fyllast ut på engelsk, men forklaringa og patentkrava kan leverast inn på norsk eller engelsk.

Etter at søknaden er vidareførd til dei einskilde landa, vil saksbehandlingsreglane stort sett vere dei same som for nasjonale søknader. Dersom du får patent, vil patentet ha status som eit ordinært nasjonalt patent.

Verdspatent finst ikkje

Det finst inga sentral styresmakt som kan kunngjere eit verdsomfattande patent.

For meir informasjon ta kontakt med infosenteret i Patentstyret.
Du kan også lese meir om den internasjonalen patentordninga på WIPO sine nettsider (World Intellectual Property Organization)

Europeisk patent (EPC)

Det europeiske patentverket - European Patent Office (EPO) behandlar europeiske patentsøknader på grunnlag av reglar gitt i den europeiske patentkonvensjonen (EPC). EPO har hovudsetet sitt i München, Tyskland.

Stortinget har vedteke at Noreg skal tilsluttast EPC frå 1. januar 2008. Frå då av kan norske søkjarar søkje europeisk patent som også omfattar Noreg. I mellomtida kan norske søkjarar likevel søkje europeisk patent, men ein europeisk søknad får berre verknad i medlemslanda og ikkje i Noreg.  
Til saman 32 land er i dag tilslutta EPC
Meir informasjon om Noreg sin tilslutning til EPC.

Søknad om europeisk patent blir levert direkte til det europeiske patentverket (EPO) eller til patentverka i eit av medlemslanda.

Søknaden blir behandla sentralt av EPO i München, som melder europeisk patent med verknad for dei landa som er peikte ut i søknaden. Patentet får same verknad i desse landa som eit nasjonalt patent har, forutsett at patentet blir omsett til språket til det vedkomande landet.

Bruk av begge ordningar samtidig

Det europeiske patentverket er også tilslutta ordninga med internasjonale patentsøknader (PCT).

Du kan derfor peike ut EPO på lik linje med andre land i ein PCT-søknad, og dermed søkje om patentvern i alle landa som er tilslutta den europeiske patentkonvensjonen, EPC
 
Meir info på EPOsine nettsider

Kva kostar det å søkje patent utanfor Noreg?

Kostnadene ved å søkje patent utanfor Noreg vil kunne variere svært mykje avhengig av blant anna kva land du søkjer patent i, kva søkeordningar du nyttar, søknaden sitt omfang og formelle manglar ved søknaden.

Kostnadene består av avgifter for å søkje patent i dei einskilde landa og bruk av patentfullmektig til hjelp i søknadsprosessen. Avgiftene er avhengig av den søkeordninga du vel. Kostnadene er knytta til bruk av patentfullmektig i dei ulike landa og ikkje minst til omsetjing av patentsøknaden og/eller patentet til språket i det enkelte landet. Dei totale kostnadene kan også bli vesentleg større dersom du får problem med å få patentsøknaden godkjend i enkelte land, då dette ofte inneber ei lengre behandlingstid og auka behov for hjelp frå patentfullmektig.

Det vil også ofte være kostnader knytta til at søknaden vert godkjend til patent, og til å oppretthalde patentet. Mange land krev bl.a. at eit patent skal omsetjast til landet sitt eige språk for å vere gyldig i det landet.

Å søkje om patent i fleire land kan bli dyrt, så du bør vurdere om oppfinninga di kjem til å tene seg inn igjen før du begynner denne prosessen.

Nedanfor er gitt nokre tal på kva det kan koste å søkje patent i utlandet. Det må takast atterhald om at desse summane vil kunne variere mykje frå søknad til søknad. Det kan også kome større kostnader til omsetjingar og konsulenthonorar.
For meir nøyaktig informasjon, ta kontakt med eit patentkontor eller Patentstyret.
 

Søknadskostnader

  • EPC: Dersom du ønskjer å nytte deg av EPC-systemet, og vil levere inn ein søknad til EPO, kan patentfullmektigen sitt honorar bli i storleik 50 - 80 000 NOK, pluss moms. Det kan også kome utgifter til eventuell behandling av søknaden fram til validering.
    Etter at søknaden er godkjend hos EPO kjem det i tillegg ei valideringsutgift, som inkluderer utgifter til omsetjing, på minst 20 000 NOK pr. land du peikar ut.
    Les meir på EPO sine nettsider:
    - "A step-by-step guide to the grant procedure"
    - "Schedule of fees, costs and prices of the EPO"
  • PCT: Benytter du PCT-systemet, vil ein patentsøknad koste 35 - 50 000 NOK pluss moms. Beløpet inkluderer innleveringsavgift på ca. 20 000 NOK.

    I tillegg kan det kome utgifter til omarbeiding av PCT-søknaden.

    Ved nasjonal vidareføring etter 30 til 31 månader kjem i tillegg også utgifter til patentfullmektig og omsetjing som i kostnad varierer frå 30 - 70 000 NOK i dei landa ein vel å levere inn søknaden.
    Les mer på WIPOsine nettsider
    - "PCT filing and PCT fees"
    Se også Avgifter ved innlevering av PCT-søknader

Etter at du har fått patent:

Når søknaden har ført til patent, må det betalast årsavgifter for å oppretthalde patentet. Årsavgiftene varierer frå land til land. I Noreg er årsavgifta 550 NOK per år dei fyrste 3 åra og aukar gradvis til 5900 NOK det 20. året patentet er i live.

Profesjonell hjelp

Vi anbefaler som regel at du nytter profesjonell hjelp til å planleggje og gjennomføre patentsøking i Noreg og i utlandet.

Ei oversikt over profesjonelle patentbyrå finst i Telefonkatalogen sine Gule sider.

Du kan også få meir informasjon om desse ordningane ved å vende deg til infosenteret i Patentstyret.

Sist endret: 23.10.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette