Madridprotokollen
Noreg er medlem av Madridprotokollen. Fordelar ved Madridprotokollen når du skal søkje om varemerkevern internasjonalt
Korleis søkje om varemerkeregistrering via Madridprotokollen?
Norske søkjarar som ønskjer å nytte seg av ordninga, må levere søknaden til Patentstyret.Ein søknad om internasjonal registrering av eit varemerke må ha basis i ein søknad eller registrering i heimlandet.
Dei aktuelle landa som du ønskjer å søkje om varemerkevern i, må peikast ut blant medlemslanda.
Patentstyret sender søknaden til WIPO (World Intellectual Property Organization), som registrerer merket og fordeler registreringa til dei utvalde landa, som så må vurdere om registreringa skal få vern i det enkelte landet.
Behandlingstida i dei respektive landa kan variere, men er ikkje over 18 månader. Det er fordi regelverket i Madridprotokollen set ein 18-månaders frist for styremaktene i kvart land til å nekte registrering. Dersom varemerket ikkje er nekta innan denne fristen, er varemerket å rekne som verna i det aktuelle landet.
Søknaden må vere skriven på engelsk og må ikkje vere handskriven.
Søknadsskjemaet (kode MM2(e)) kan lastast ned frå WIPO si heimeside.
Sjå også rettleiinga til utfylling av Madridprotokollsøknader.
Kva kostar det å søkje om registrering via Madridprotokollen?
Patentstyret krev ei klargjeringsavgift på NOK 550,-
Alle andre avgifter står oppførde i Sveitsiske franc og vil bli rekna ut automatisk dersom du nyttar WIPO sin avgiftskalkulator.
Enkelte land krev individuell avgift. Sjå oversikt over land som krev individuell avgift.
Sjå også WIPO sin sider om Madridprotokollen
EF-varemerke
Eit EF-varemerke gjeld i alle land som er medlem i EU (EØS-land er ikkje omfatta av dette). Alle som er busett i Noreg og alle selskap som har sete i Noreg, kan sende søknad om EF-varemerke direkte til varemerkestyresmakta OHIM (Office for Harmonization in the Internal Market), men må seinare i saksbehandlinga velje ein fullmektig som har rett til å hjelpe klientar i EU. Fullmektigen må i tillegg ha autorisasjon frå OHIM for å kunne representere varemerkesøkjarar.
Ver oppmerksam på at dette berre er ei kort oversikt over EF-varemerke. Dersom du vurderer å søkje EF-varemerke, bør du lese informasjonen frå OHIM og ta kontakt med ein fullmektig som kan hjelpe ved innlevering av søknaden.