Patentstyret
Patentstyret
Søknadsbehandling
Behandling av din varemerkesøknad

Din søknad om varemerkeregistrering skal leverast inn til Patentstyret.

Når søknaden din kjem til Patentstyret, blir den journalført og overført til den saksbehandlaren som er ansvarleg.

Er det ein mangel eller feil ved søknaden, vil Patentstyret skrive til deg eller fullmektigen din og be om at mangelen blir retta innan ein gitt frist. Dersom mangelen ikkje er retta innan fristen, vil søknaden bli henlagt.

Etter at søknaden er henlagt, kan behandlinga av søknaden bli gjenoppteke dersom du rettar den opphavlege mangelen og betaler ein særleg avgift.

Godkjenning av søknaden

Dersom søknaden din blir godkjent, vil Patentstyret registrere varemerket, og kunngjere registreringa i Norsk Varemerketidende.

Kan andre sjå søknaden din?

Dokumenta i søknaden er allment tilgjengelege frå den dagen søknaden blir innlevert. Unnatak gjeld for forretningsløyndomar og Patentstyrets interne arbeidsdokument. OBS: Dersom du vil at Patentstyret skal hemmeleghalde visse dokument i saka, må du varsle om dette samtidig som du sender inn dokumenta. Om dokumenta kan hemmeleghaldast blir avgjort ut frå varemerkelova § 17a.

Innvendingar og klagemoglegheiter

Alle som meiner at eit varemerke er registrert på feilaktig grunnlag, kan sende inn ei skriftleg innvending mot registreringa til Patentstyret. Fristen for å sende inn ei innvending er to månader frå den dagen registrering blei kunngjort. Innvendinga kan føre til at registreringa heilt eller delvis blir opphevd.

Både søkjaren og den som har innlevert innvendinga kan klage denne avgjerda inn til 2. avdeling, som er Patentstyrets klageorgan. Klagefristen er to månader frå den dagen avgjerda blir sende til partane. Ei klageavgift på kr 2500 må betalast.

Avgjerda i 2. avdeling kan ankast inn for domstolane.
 
Dersom Patentstyret avslår varemerkesøknaden din, kan du klage denne avgjerda inn til 2. avdeling.


Har du spørsmål?
Ta kontakt med Patentstyrets infosenter, tlf 22 38 73 33

Sist endret: 25.03.2004


Utviklet i samarbeid med Gazette