Som arbeidstakar har du i utgangspunktet same rett til oppfinninga di som andre oppfinnarar. Lov om arbeidstakaroppfinningar gjeld berre oppfinningar vi kan ta patent på. Det vil seie oppfinningar som oppfyller vilkåra for å oppnå patent. Det treng ikkje vere søkt patent for oppfinninga for at den skal omfattast av lova. Du kan lese meir om patenter her
Rettane og vilkåra til arbeidsgivaren
Arbeidsgivaren sin rett til å overta oppfinninga blir fastsett ut i frå oppgåvene til arbeidstakaren i bedrifta.
Universitet og høgskolar sin rett til å overta oppfinningar gjorde av lærarar og vitskapleg personale, vert avgrensa likevel av retten til publisering.
Arbeidstakar har krav på rimeleg godtgjersle dersom arbeidsgivaren overtek ein større eller mindre rett til oppfinninga. Ved fastsetjing av godtgjersla skal det særleg takast omsyn til:
Dersom du er i tvil om kva rett du har til oppfinninga di - kan du lese meir i lov om arbeidstakeroppfinnelser (Lenka går til Lovdata) eller ta kontakt med Patentstyret.
Lov om retten til oppfinningar som er gjort av arbeidstakarar regulerer desse spørsmåla. Men lova er, med nokre unntak, “deklatorisk”, det vil seie at ein kan gå utanom lova i ei eiga avtale.
Er du usamd med arbeidsgivaren din?
Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar kan hjelpe deg i tvistar.Mekling er gratis, utgiftene blir dekte av det offentlege.
Nemnda består av ein formann og to medlemer. Formannen er embetsdomar. Den eine medlemen er fast, og er sakkunnig i patentrett. Den andre medlemen har teknisk innsikt innanfor det aktuelle området oppfinninga tilhøyrer, og blir utnemnt for kvar enkelt sak.
Meklingsnemnda si verksemd er ikkje til offentleg innsyn, det vil seie at folk flest ikkje har rett til å sjå dokumenta i saka eller avgjerda til nemnda. Avgjerda er ikkje bindande for partane i saka. Ved søksmål vil mekling gjerast i nemnte meklingsnemnd i staden for mekling i forliksrådet.
Vil du vite meir om nemnda og kva nemnda gjer, er du velkomen til å ta kontakt med Patentstyret ved meklingsnemnda sin sekretær, Hedda Høyby.E-post: