Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Raskare utreise for utlendingar utan lovleg opphald

Frå nyttår fekk politiet høve til å skrive ut passérbrev til utlendingar som ikkje har eige pass eller anna reisedokument når dei skal forlate Noreg.

Meir enn 80 prosent av dei som kjem til Noreg og søkjer asyl legg ikkje fram pass eller anna reisedokument for norske styresmakter, sjølv om dei har slikt dokument. Dette har vore eit problem for politiet dersom asylsøkjarar seinare får avslag på søknaden og skal reise frå Noreg. Politiet bruker mykje tid og ressursar på å skaffe reisedokument frå heimlandet i desse tilfella.

Den nye føresegna, § 73a i utlendingsforskrifta, inneber at politiet sjølv kan skrive ut nødvendige reisedokument som tilsvarer dei reisedokumenta som EU nyttar (EU travel letter).

Les heile pressemeldinga frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet her:



Sist oppdatert: 03.01.2006
Publisert: 03.01.2006