Færre vil truleg få positivt vedtak i asylsaker i 2006
Det blir truleg ein nedgang i mengda personar som får innvilga asyl eller opphald på humanitært grunnlag i Noreg i 2006.
Dagbladet sin artikkel 29.05.06 om mengda forventa asylvedtak i 2006 er basert på feilberekningar. Utlendingsdirektoratet (UDI) presiserer at det truleg blir ein nedgang i mengda personar som får positivt vedtak i asylsaker i år samanlikna med i fjor.
Det er pr. 25 mai forventa at UDI vil behandle om lag 5500 asylsaker i 2006. Basert på tidlegare erfaringar vil om lag 1100 av desse få realitetsbehandling i andre land,med heimel i Dublin-samarbeidet, og rundt 800 saker vil bli lagt bort før vedtak.
Av dei resterande 3600 asylsaker som vil få realitetsbehandling i Noreg, er det forventa eit positivt vedtak i 2200 saker, og om lag 300-400 av desse får innvilga asyl.
I 2005 fekk 2500 ulike opphaldsløyve etter realitetsbehandla asylsøknader.
Sist oppdatert:
20.12.2006
Publisert:
29.05.2006