Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
Bokmål tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Fakta: Kva og kven er MUF?


I 2005 mottok UDI ei rekkje søknader om ordinær arbeidsløyve frå nord-irakarar som tidlegare har hatt førebels og avgrensa arbeidsløyve utan rett til familiesameining i Noreg, såkalla MUF-løyve.

Søknadene blei leverte på bakgrunn av den førebelse forskrifta som trødde i kraft 27. juni 2005. Den omhandlar berre dei nordirakarane som kom til Noreg og søkte asyl i 1998,1999 og 2000 og som då fekk førebels og avgrensa løyve (MUF-løyve).

Arbeidsløyve etter den nye forskrifta dannar grunnlag for permanent opphald (bosettingsløyve) og kan gi rett til sameining med nærmaste familie. Følgjande vilkår måtte vere oppfylt for å få ordinær arbeidsløyve:

  • Personen måtte ha hatt eit MUF-løyve tidlegare
  • Personen måtte vere i heiltidsarbeid per 1. mai 2005
  • Personen måtte kunne dokumentere identiteten sin.

Forskrifta gjeld ikkje personar som har gjort straffbare handlingar i Noreg eller i utlandet.



Sist oppdatert: 20.12.2006
Publisert: 12.04.2006