Kven kan få løyve?
Følgjande EU/EØS/EFTA-borgarar som oppheld seg i Noreg i meir enn 3 månader kan få løyve:
- Arbeidstakarar
- Sjølvstendig næringsdrivande (ein som har eit eige firma, og som skal drive forretnings-verksemd i Noreg)
- Tenesteytarar (for eksempel ein som er tilsett hos ein arbeidsgivar i utlandet, og som skal utføre ei teneste/oppdrag i Noreg på vegner av arbeidsgivaren)
- Tenestemottakarar (ein som kjøper ei teneste under opphaldet i Noreg)
- Studentar
- Personar som har faste regelmessige ytingar eller eigne midlar (minst 105.407 NOK per år)
- Familiemedlemer av EU/EØS/EFTA-borgarar som har løyve i Noreg, også frå land utanfor EU/EØS/EFTA
- Personar som har avslutta det yrkesaktive livet sitt etter å ha arbeidet i Noreg, og familiemedlemene deira dersom visse vilkår er oppfylt
Løyve kan berre giast til EU/EØS/EFTA-statsborgarar, ikkje til borgarar frå andre land som har arbeids- eller opphaldsløyve i eit EU/EØS/EFTA-land.
Sist oppdatert:
20.12.2006
Publisert:
20.06.2006