Saksbehandlinga gjeldande lengeventande barn blir lagt på vent
I påvente av forskriftsendringar skal det frå 31. august ikkje fattast vedtak i saker som involverer barn som har vore i landet i tre år eller meir, og som framleis oppheld seg her. Det går fram av ein instruks frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) til Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemda. Forskrifta blir venta å tre i kraft i løpet av våren 2007.
Sist oppdatert:
27.12.2006
Publisert:
31.08.2006