Vilkår for au pair-løyve
Søkjaren (au pairen)
- Må vere mellom 18 og 30 år
- Må som hovudregel ikkje ha same nasjonalitet som nokre i vertsfamilien
- Kan berre arbeide hos ein vertsfamilie
- Skal bu hos vertsfamilien med eige rom
- Arbeidstida må normalt ikkje overstige 5 timar per dag og maks. 30 timar per veke
Vertsfamilien
- Kan vere ektepar med eller utan barn, sambuarar oavsett kjønn med eller utan barn, eller einsleg far eller mor med barn
- Må snakke norsk til dagleg og representere norsk kultur
- Kan berre ha ein au pair
- Einslege utan barn kan ikkje vere vertsfamilie.
Filippinske borgarar kan bli nekta utreiseløyve frå heimlandet sjølv om dei har fått arbeidsløyve som au-pair i Noreg. Filippinske styresmakter har gitt uttrykk for at dei ikkje ønskjer at filippinske borgarar skal arbeide som au-pair i utlandet.
Sist oppdatert:
28.12.2006
Publisert:
10.09.2003