Kva rettar gir eit løyve på grunnlag av familieinnvandring?
- Familiemedlem over 18 får eit arbeidsløyve
- Barn mellom 15 og 18 år får i utgangspunktet eit opphaldsløyve, men kan også få arbeidsløyve dersom foreldra samtykkjer
- Barn under 15 år får eit opphaldsløyve
- Løyvet gir rett til gjentatte innreiser i Noreg i den tida løyvet gjeld for
- Løyve til familieinnvandring blir normalt gitt for eitt år
- Løyve til foreldre som skal gjeste barn i Noreg blir gitt for inntil ni månader
- Eit løyve til familieinnvandring kan normalt fornyast på same måte som løyvet til hovudpersonen. Vilkåra må framleis vere til stades på fornyingstidspunktet
- Etter tre år med eit løyve som er gitt med tanke på varig opphald kan ein søkje om busetjingløyve. Meir informasjon om vilkåra for busetjingsløyve.
Sist oppdatert:
28.12.2006
Publisert:
19.08.2003