Mellombels arbeidsløyve
Ein asylsøkjar kan få mellombels arbeidsløyve inntil søknaden om asyl er avgjort.
For at ei slik løyve kan bli gjeve, må det ha vore utført asylintervju av søkjaren. Det må vidare ikkje vere tvil om identiteten til søkjaren, og i tillegg må det ikkje vere aktuelt å bortvise søkjaren eller fremje tilbaketakings-/overtakingskrav overfor eit anna land. Søkjarar som får sakene sine behandla etter Dublinforordning kan ikkje få mellombels arbeidsløyve.
Søkjaren må i utgangspunktet vere fylt 18 år for å få mellombels arbeidsløyve. Det kan likevel også bli gjeve slik arbeidsløyve til søkjarar mellom 15 og 18 år. Då blir det kravt samtykke frå foreldra eller andre som utøver forelderansvaret.
Dersom søkjaren skulle få avslag på søknaden sin om asyl, kan søkjaren behalde den mellombelse arbeidsløyva til endeleg vedtak foreligg i saka, dersom søkjaren klagar og klaga blir gitt utsetjande verknad.
Sist oppdatert:
28.12.2006
Publisert:
01.09.2003