Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
Bokmål tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Førebels ingen regelendringar for Romania og Bulgaria


Frå 1. januar 2007 blir Romania og Bulgaria medlem av EU. Det fins førebels ingen avtale med EU om at borgarane av desse to landa samtidig kjem inn under dei særlege reglane for utlendingar som blir omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen når det gjeld søknad om opphald i Noreg.

Regjeringa har gått inn for at det skal vere same overgangsordningar nå som ved den førre EU-utvidinga, men førebels må borgarar frå Romania og Bulgaria framleis følgje prosedyrane som gjeld for landa utanfor EU/EØS-området.

Meir informasjon om korleis borgarar frå desse landa går fram for å søkje om arbeids- og opphaldsløyve, finn du på sida ”Arbeid og opphald”.



Sist oppdatert: 28.12.2006
Publisert: 08.12.2006