Dokumentasjon på inntekt
Både i samanheng med garantiskjema og søknad om visum blir det stilt krav om at ein kan presentere dokumentasjon på referansepersonen si inntekt.
I samanheng med garantiskjema skal ein fôrevise siste månads lønnsslipp til politiet. I samanheng med innlevering av søknad om visum krev ofte utanriksstasjonane at det blir lagt ved lønnsslipp (attesterte kopiar blir godtekne) for dei siste tre månadene for å dokumentere referansen sin økonomiske situasjon. Dette ber dei om som eit tillegg til garantiskjemaet. Dokumentasjon på inntekt skal leverast saman med resten av søknadspapira.
Det er viktig å leggje merkje til at krav til dokumentasjon kan variere frå land til land, og kan endre seg over tid. Du må derfor undersøkje nærmare kva krav som blir stilte ved den norske utanriksstasjon i landet du søkjer frå.
Sist oppdatert:
29.12.2006
Publisert:
12.06.2006