Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
Bokmål tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Tiltak for barn under skulepliktig alder


Mottaket skal ha ein person med minimum toårig barnefagleg utdanning eller tilsvarande kompetanse, med ansvar for arbeidet med barn og ungdom, medrekna ansvar for ein eventuell barnebase.

Mottaket skal sørgje for eit avlastningstilbod for foreldre med barn i alderen 0-2 år som sikrar foreldra høve til å delta i informasjonsprogram og norskopplæring.

Barn frå to år til grunnskulealder skal ha eit tilrettelagd tilbod på minimum 3 timar per dag måndag - fredag. Tilbodet kan giast gjennom eigen barnebase på mottaket eller ved kjøp av barnehagetilbod eller liknande.

Barna sine føresette og andre vaksne bebuarar skal i størst mogeleg grad trekkjast inn i planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av tilbod som blir gitt i regi av mottaket.

Krava er nedfelte i Kravspesifikasjonen.



Sist oppdatert: 29.12.2006
Publisert: 24.09.2003