Om kvoteordninga
Arbeids- og inkluderingsdepartementet fastset årleg ein kvote for kor mange faglærte som kan få arbeidsløyve.
Så lenge kvoten ikkje er full, dvs. at det ikkje er gitt så mange arbeidsløyve som bestemt i kvoten, er det ikkje nødvendig å vurdere om behovet for arbeidskraft kan dekkjast med innanlandsk arbeidskraft eller arbeidskraft frå EØS- eller EFTA-området.
Det gjer saksbehandlinga enklare, og det går raskare å få arbeidsløyve.
Når kvoten er full
Når kvoten er full, skal Utlendingsdirektoratet som utgangspunkt sende kvar enkelt søknad til arbeidsmarknadsmyndigheitene for vurdering av behovet for arbeidskraft.
Sist oppdatert:
29.12.2006
Publisert:
28.08.2003