Endringar i MUF-forskrifta kjem fyrst på nyåret
Arbeidet med den nye MUF-forskrifta tek lengre tid enn forventa. Behandlinga av sakene i Utlendingsdirektoratet er derfor førebels stille i bero.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) opplyser om at arbeidet med den nye MUF- forskrifta har teke lengre tid enn forventa. Forskrifta vil derfor ikkje kunne tre i kraft 1. januar 2007 slik det tidlegare var førespegla. Utlendingsdirektoratet har stilt alle saker til personar som tidlegare har hatt eit MUF-løyve i bero. Søknadene blir fyrst behandla etter at den nye forskrifta tre i kraft.
Personar som tidlegare har fått løyve etter den førebelse forskrifta om irakarar av 15. mars 2005 (MUF-forskrifta), og som ønskjer å søkje om fornying av løyvet, bes om å søkje på vanleg måte og helst i god tid før løyvet spring ut.
Les pressemeldinga frå AID
Sist oppdatert:
29.12.2006
Publisert:
22.12.2006