Saksgang
Før du bestemmer deg
Du bør undersøkje forholda i heimlandet og snakke med andre i Noreg om avgjerda. Du kan kontakte flyktningkonsulenten i kommunen du bur, UDI sine regionkontor eller Flyktninghjelpen for å få informasjon og rådgivning.
Etter at du har bestemt deg
Du må søkje om økonomisk stønad til tilbakevending til heimlandet på eit eige skjema. Søknaden blir levert til UDI sitt regionkontor i den regionen du bur.
Dersom du har eller kan skaffe deg heimlandet sitt pass, skal heimreisa skje med dette. Du må derfor søkje om å få tilbake passet ditt som du leverte frå deg då du kom til Noreg, og du må leggje ved ein kopi av dette når du søkjer om tilbakeveningsstønad.
Sist oppdatert:
02.01.2007
Publisert:
12.08.2003