Tiltak for barn i skulepliktig alder
Tilskotsordninga for opplæring av barn som bur i statlege asylmottak skal sikre at elevar i grunnskulealder kan få begynne grunnskuleopplæringa så snart som mogeleg etter at dei har kome til landet. Tilskotsordninga skal dekkje alle dei kostnadene kommunane har som er forbundet med opplæringa.
Mottaka har ansvar for at barn blir meldt inn i grunnskole så raskt som mogeleg ved framkomst til mottaket.
- Mottaket skal sikre at barn og ungdom blir melde inn og ut av grunnskulen og får hjelp til å søkje plass i vidaregåande skule.
- Mottaket skal stimulere til kontakt mellom foreldre og skule.
- Mottaket skal hjelpe ungdom i alderen 16-18 år med sikte på at dei skal få eit tilrettelagde skuletilbod.
- Mottaket skal tilretteleggje for leksehjelp.
Krava til mottaket sitt arbeid med barn i grunnskulealder er nedfelt i driftsreglementet sin kravspesifikasjon.
Sist oppdatert:
02.01.2007
Publisert:
29.09.2003