Familieinnvandring for studentar
Eit opphaldsløyve for familieinnvandring med ein student, er ikkje eit løyve som gir grunnlag for å busetje seg fast i Noreg.
Familiemedlemer kan giast løyve til deltidsarbeid, ikkje meir enn 20 timar pr veke, og til heiltidsarbeid i feriar. Det er ein føresetnad at familien skal returnere til heimlandet saman med studenten når han/ho har avslutta utdanninga.
For at familien til personen i Noreg skal få opphaldsløyve i Noreg mens han/ho studerer, må følgjande vilkår vere oppfylt:
- Personen i Noreg må studere på høgskule- eller universitetsnivå
- Søkjaren må tilhøyre din nærmaste familie
- Underhald må vere sikra
- Familien må bu saman
- Familien må returnere til heimlandet når studenten er ferdig med utdanninga si
- Søknaden blir ikkje innvilga dersom det står att mindre enn eitt år av studia
Sist oppdatert:
02.01.2007
Publisert:
29.09.2003