Auke i visumgebyr
Det er vedteke å heve gebyrsatsen for å søkje visum til Schengen-området frå 35 Euro til 60 Euro, gjeldande frå 1. januar 2007. Vedtaket gjeld også for Noreg.
Bakgrunnen for auken er dei auka administrative kostnadene som følgjer av innføringa av visumdatabasen VIS. Ved etableringa av VIS blir biometriske data ein del av prosedyren for å søkje visum. Noreg deltek i samarbeidet om VIS gjennom Schengen-avtalen.
I visse tilfelle kan gebyrkravet reduserast eller fråfallast i tråd med nasjonal lovgiving. Dette gjeld i tilfelle der dette kan fremje kulturelle, utanrikspolitiske eller utviklingspolitiske interesser, andre viktige offentlege interesser eller tene humanitære omsyn.
Følgjande søkjargrupper er unnateke gebyr:
- Barn under seks år
- Elever, studentar og lærarar på skuletur/studietur
- Forskarar frå land utanfor EØS og EU som reiser for å drive forsking (gjeld spesielle reglar)
Visumgebyret for borgarar frå Albania, Bosnia-Herzegovina, den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Moldova, Montenegro, Russland, Serbia og Ukraina vil fram til 1. januar 2008 framleis vere 35 euro.
Sist oppdatert:
09.01.2007
Publisert:
09.01.2007