Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
Bokmål tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Personar med endeleg avslag på asylsøknad har plikt til å forlate Noreg

Utlendingsdirektoratet har etablert ventemottak for personar som har fått endeleg avslag på søknaden om asyl.

På oppdrag frå regjeringa har direktoratet i 2006 etablert og sett i gong drift av ventemottaket i Lier. Mottaket er eit butilbod til tidlegare asylsøkjarar som har mist tilbodet i ordinære asylmottak etter endeleg avslag på søknaden om asyl.

Ved oppretting av ventemottaket tilbyr statlege styresmakter eit samanhengande butilbod for asylsøkjarar frå dei søkjer asyl og til dei blir busette eller - etter avslag - forlèt landet. Tidlegare asylsøkjarar er med dette ikkje viste til kommunane sine sosialtenester i påvente av politiet si uttransportering.

Einslege mindreårige asylsøkjarar, barnefamiliar, sjuke og personar som samarbeider med IOM (International Organization for Migration) eller politiet om retur, skal framleis kunne bu i ordinære asylmottak inntil avreise.

UDI har etablert eit eige opplegg om frivillig retur for asylsøkjarar i mottak. Opplegget inneber returrettleiing for mottakstilsette samt generell informasjon, rådgiving og eigne retursamtalar for asylsøkjarar med avslag. Flyktninghjelpa ved INCOR gir asylsøkjarar informasjon og råd slik at dei på best mogeleg grunnlag kan ta avgjerd om retur. IOM gir informasjon til asylsøkjarane og er ansvarleg for praktisk tilrettelegging og gjennomføring av program for frillig retur til asylsøkjarane sine heimland. Det er også etablert eit særskilt returprogram for afghanarar med avslag på asylsøknad. Politiet er ansvarleg for å returnere dei personane med avslag som ikkje reiser frivillig.



Sist oppdatert: 16.01.2007
Publisert: 10.01.2007