Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
Bokmål tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Utvising av straffedømde asylsøkjarar og innvandrarar

Personar av utanlandsk opphav som utfører straffbare handlingar i Noreg kan utvisast frå landet. Dei som risikerer å bli forfølgd i heimlandet kan likevel ikkje utvisast.

Media har dei siste dagane referert til saker der personar som har utført grove brotsverk i Noreg, ikkje blir returnert til heimlandet sitt.

Fleire oppslag i media om slike saker i den siste tida illustrer ei meir omfattande problemstilling, nemleg at utlendingsmyndigheitene har strenge grenser i forhold til avgjerder knytte til utvising. I følgje norsk lov og  internasjonale konvensjonar som Noreg er bunden til, skal ikkje personar sendast til tortur og forfølging.

Eit slikt vern mot utsending gjeld også personar med utanlandsk bakgrunn som utfører straffbare handlingar eller personar som oppheld seg ulovleg i Noreg.

På bakgrunn av den labile og uavklarte situasjonen i fleire land stoppar Noreg i periodar returnering av personar til desse landa. Når Noreg ikkje kan utvise personar til eit land eller område, vil dette også omfatte kriminelle.

Asylsøkjarar og innvandrarar som har vern mot utsending kan ikkje utvisast sjølv etter gjentekne straffbare handlingar. Personar som ikkje kan utvisast, men utgjer ein fare for samfunnet, blir handtert av Politiet og domstolen i Noreg.



Sist oppdatert: 19.02.2007
Publisert: 19.02.2007