25.000 ubehandla opphaldssøknader i UDI ved årsskiftet
UDI fatta fleire vedtak i 2006 enn forventa, til saman om lag 70.000, men fekk også inn fleire søknader enn føresett. Dette resulterte i at det ved årsskiftet var nærmare 25.000 ubehandla saker i UDI.
- I 2006 behandla vi nærmare 3.000 fleire saker enn forventa, men fordi mengda innkomne saker var langt høgare enn budsjettert, enda året med eit større tal ubehandla saker, seier UDI-direktør Ida Børresen.
I 2006 var det ein særleg auke i talet søknader om arbeidsløyve og statsborgarskap.
Dei 25.000 ubehandla opphaldssakene fordeler seg på mange ulike sakstypar, blant anna søknader om statsborgarskap (8.000 saker) og familieinnvandring (7.000 saker).
Saksbehandlingstider
Alle søknader som blir sende til UDI blir behandla individuelt. Dette inneber at UDI er avhengig av dokumentasjon frå den einskilde søkjaren for å kunne ta ei avgjerd. På grunn av auken i talet søknader som ligg til behandling vil saksbehandlingstidene hos UDI i 2007 vere noko lengre enn tidlegare. Søkjarane kan likevel medverke til ei raskare og meir smidig saksbehandling ved å leggje fram all nødvendig dokumentasjon saman med søknaden.
- Saksbehandlingstida vil alltid avhenge av mengda innkomne saker og kor godt dei er dokumenterte. Når UDI har fått dei opplysningane vi trenger, vil søknaden kunne behandlast relativt raskt, men når vi må innhente fleire opplysningar så tek det lengre tid, seier direktør Børresen.
Her finn du ei oversikt over saksbehandlingstidene i UDI.
Sist oppdatert:
19.02.2007
Publisert:
19.02.2007