5.5 millionar i aktivitetstiltak for barn og unge i statlege mottak
Regjeringa har vedteke å setje av 5,5 millionar til aktivitetstiltak for barn og unge i statlege mottak. Søknad om midlar skal sendast til UDI sine regionkontor.
Midlane skal brukast til å leggje til rette for ei fritid med aktivitetar, og då i hovudsak aktivitetar utanfor mottaket. Aktivitetar som kan vere med på å styrkje barna si sjølvkjensle skal prioriterast. Aktuelle aktivitetar kan vere:
- Kurs i konflikthandtering
- Menneskerettskurs
- Ulike sportsaktivitetar, som for eksempel symjeopplæring, deltaking i lokale idrettsklubbar og liknande
- Ulike typar fritidsaktivitetar, som for eksempel drama, musikk, dans og liknande
- Ulike typar familiebaserte tiltak, som for eksempel kurs i matlaging eller andre tema/aktivitetar
Det er ein føresetnad at aktivitetane det blir innvilga midlar til, ikkje fell innanfor det programmet/aktivitetstilbod mottaka må forventast å ha ut frå kontraktar, styringsdokument m.v.
UDI ønskjer søknader frå mottaka, frivillige organisasjonar og/eller andre instansar som ønskjer å setje i gong aktivitetstiltak retta mot barn og unge i statlege mottak.
Søknader kan sendes til regionkontoret som har ansvar for mottaket der aktivitetstiltaket blir tenkt satt i verk. Regionkontora vil kunne gi utfyllande opplysningar.
Søknadene vil bli behandla etter kvart som dei kjem inn. Frist for innsending av søknad er sett til 30. juni 2007. Aktivitetane må gjennomførast i 2007.
Sist oppdatert:
16.03.2007
Publisert:
16.03.2007