I 2006 registrerte UDI ei markant auke i mengda søknader om norsk statsborgarskap, heile 18.500 søknader. Så langt i år ligg talet innkomne søknader på same nivå som i fjor. Men UDI har i år sett inn fleire ressursar for behandling av statsborgarskapssaker. I årets fire fyrste månader fatta UDI i overkant av 6.500 vedtak. Det er 700 fleire vedtak enn talet nye saker i same periode.
Det er forventa at talet nye statsborgarskapssøknader også i år vil vere høge, samanlikna med åra før. Ein ny statsborgarskapslov, som trødde i kraft i september 2006, stiller nye krav til søkjarane. Etter ein overgangsperiode fram til 1. september 2008, vert det blant anna stilt krav til godkjend norskopplæring, eller tilstrekkeleg kunnskap i norsk eller samisk.
- Den markante auken i mengda søkjarar i 2006 førde til ei auke i mengda ubehandla statsborgarskapssøknader. For å redusere mengda ubehandla saker har vi no sett inn større ressursar i behandlinga av desse sakene. Vi reknar med at vi i år og i 2008 vil kunne behandle langt fleire statsborgarskapssøknader enn mengda innkomne søknader. På sikt vil dette føre til kortare saksbehandlingstider, seier avdelingsdirektør Morten Hansen i UDI.
Saksbehandlingstida på søknader om statsborgarskap er i dag normalt på 10 månader. 7.400 saker er i dag til behandling i UDI
Kva er statsborgarskap?
Statsborgarskap inneber tilhøyrsel til ein stat, og visse rettar og plikter overfor denne staten. Norsk statsborgarskap kan ein få ved fødsel, ved adopsjon, etter melding eller etter søknad. Her finn du informasjon om kven som blir omfatta av dei ulike ordningane, kva krav som blir stilt og korleis ein går fram for å bli norsk statsborgar.